onsdag 11. november 2015

Helter overalt

Ein helt treng ikkje vere ein superhelt som du ser på tv eller i teikneseriar. Kvar person kan velge sjølv kva dei meinar ein helt er. Ein helt kan vere nokon som har gjort noko du meiner er bra eller noko dei står for. Ein helt kan vere ein person som står for det han meiner og ikkje lar nokon forandre meininga hans. Ein helt kan vere ein person som vil at folk skal ha det godt. Ein helt kan vere ein som er villig til å ofre alt for at andre skal ha det godt.

Kva er heltemodig? Eg meiner at heltemodig er ein som ikkje gjer seg. Ein heltemodig person er ein som tørr og sei si meining og står for si meining. Ein person som er heltemodig er ein person som er modig nok til å gå fram og seie si meining sjølv om det stridar imot noko som majoriteten seier. Heltemodig er du vis du er modig nok til å gjere eller seie noko som er for at andre folk skal ha det betre.


torsdag 5. november 2015

Alkohol

I dette inlegget skal eg skrive om Alkohol. Eg skal fortelle kva effekter det har på folk.

Alkohol er giftstoff. Det finst mange alkoholhaldige drikker. Det som er felles for alkoholhaldige drikker er at dei innheld etanol. Når ein drikk alkohol så går alkoholen ned i magen og tarmane. Han blir deretter teken opp i blodet og sirkulerer rundt i kroppen. Leveren bryt ned alkoholen litt om gongen. Alkoholen er skadeleg for leveren og vis ein drikk for mykje alkohol så kan leveren slutteå virke.

Dersom ei gravid kvinne drikker ei alkoholholdig drikke så får fosteret same promille som mora (Ekeland. s 72)

 Gjennomsnittsalderen for å drikke vin eller brennevin for første gongen er rundt 15 år og 14,5 for øl. Loven seier at ein må vere 18 år for å få kjøpe øl eller vin.

Skjelder: Ekeland, Per Roar, Tellus 9, 2008

Ungdom og mote

Folk er opptatt av det folk har på seg. Dei blir påverka av alle kva alle andre har på seg og vil ikkje vere annerledes. Heile tida dukkar det opp nye trender som påverkar folk. Men det er ikkje alltid ungdommane som sjøl bestemer kva som er populært. I magasin og reklamer for produkt så kan vi se forbileta vår med ein klesstil og då vil også andre ha det.

Eg meiner at det er bra at det blir skifta trender heile tida for då blir ikkje tinga kjedelige men det er noko nytt som kjem heile tida. Men dei gamle tinga blir jo alltids kjedelige når det kjem nye ting. No etter mange år kan ein sjå at gamal mote kjem tilbake. For eksempel at for vil ha mange fargar i husa deiras sånn som på 70, 80-talet.

Det som er dumt med at moten endrar seg er at då koster det mykje vis ein skal kjøpe nye ting heile tida. For vis ein kjøper ei bukse. Så går det litt tid og så kjem det ut ei ny bukse som er blitt populær. Så er ikkje den buksa du kjøpte er ikkje populær lenger å du vil kjøpe den nye populære buksa. Vis det fortsetter sånn så blir det ganske dyrt til slutt.
Bilderesultat for ungdom og mote